Barnekvardag/Bæreselecamp

  • kr249

Bæreselecamp

  • Course

Alle nybakte foreldre må kunne bæresele, er min påstand. I alle fall for å gjere livet enklare, både fysisk og psykisk. Men korleis gjer ein det eigentleg? 

Bli med på Bæreselecamp der du lærer å bli proff på bæresele på under ei veke.

Perfekt for deg som er gravid, partnar, besteforelder, venn eller barnehagetilsett.

Babyar vil bli holdt! Gjer det enklare for deg sjølv med bæresele!

Inkludert i kurset er:

🔸 Facebook-gruppe og felleskap der du kan stille spørsmål og få støtte og heiarop

🔸Nettkurs med videoar som viser deg korleis du setter på og tar av bæreselen, og korleis du bærer barnet ditt på ein trygg og komfortabel måte+.

Alt dette til berre 249 kr!

Dette skal me gjennom:

Alt om bæreselen

  • Klassiske feil og korleis du fiksar dei

  • Kva er dei ulike delane på bæreselen?

  • Kva er bæresele og kva er meh dai/halv klips?

  • Tilpassing før ein startar

  • Korleis bruke bæreselen

  • Justeringar

Dei ulike bæreposisjonane

  • Korleis, når og kva må eg vite?

  • Kva er ergonomisk stilling?

  • Innovervendt

  • På hofta

  • På ryggen

  • Utovervendt

  • Tandembæring

  • I bæremeis

(E-boka: Bæretøyguiden)

Bæring i kvardagen

  • Kan ein bære for mykje?

  • Amming i bæresele

  • Ringslynge 

  • Amming i ringslynge

Kva bæresele skal du ha?

  • Kva bæresele skal du kjøpe - og unngå?

  • Mine favorittar

Kven er eg?

Eg er Ingvild E. Leirfall. Journalist og tobarnsmor som har brukt bæresele og bæretøy nesten kvar dag i tre år. Stort sett fleire gonger til dagen.

Eg har testa det meste av bæreselar og mykje anna bæretøy, og me har hatt (heilt ærleg anar eg ikkje kor mange) omtrent 30 bæredingsar i huset. 

Eg meiner at er det EIN babydings du skal ha, så er det bæretøy. Det er utan tvil vårt aller mest brukt babyprodukt og eg anar ikkje (!) kva eg skulle gjort utan.

Bæresele har verkeleg vore ein livreddar i babytida og toddlertida for oss - og eg vil at du skal få det samme verktøyet i ditt barnekvardags-liv!

Kjenner du deg igjen i noko av dette, så må du bli med!

  • Du eller partnaren din er gravid.

  • Du tør maks å gå fem minutt heimefrå med ein baby som hatar å ligge i vogna. 

  • Du slit med kveldsuro og gråt som ein ikkje veit korleis ein skal stoppe og ein blir gal av å ikkje greie å roe ned. 

  • Du har vondt i armar og rygg fordi du har ein klistremerke baby eller toddler som treng mykje nærheit.

  • Du har ein nyfødt, men skal også henge med på storesøsken sine ting.

  • Du  slit med å få ungen til å sovne eller hjelpe  hen å sovne vidare om hen våknar for tidleg frå dupp og er sur.

  • Du vil ha friheit til å gå der du vil, også stader som ikkje er heilt hjul-vennlege som skog og mark (eller bare t-banen og trikken i Oslo).

  • Du har barnehagebarn som er sliten etter ein lang dag og treng kos og nærheit, men du må eigentleg få handla og laga middag.

  • Du blir gal av at du ikkje får rydda, gjort husarbeid, jobba og flytte (!) fordi du alltid har ein baby i armane, eller eit barn som stikk av om du set dei ned.

  • Du er partnar og har lyst til å hjelpe å avlaste, når baby eigentleg berre ville ha pupp og den fødande.

  • Du slit med å få amma babyen din og blir  gal av at baby nektar. Amming i bæretøy kan sikra ungen din næring og di psykiske helse, når baby har kveldsuro, er for distrahert til å die eller har brystvegring. 

  • Du må legge storesøsken og baby åleine, og får angst berre av å tenke på det.

  • Du skal reise med fly, kanskje åleine, og skjønner ikkje korleis du skal få med deg alt og baby.

  • Du føler på at du ikkje strekker til, og vil gi både storesøsken og baby nærheit og connection - samtidig.

Bæresele har verkeleg vore ein livreddar i babytida og toddlertida for oss - og eg vil at du skal få det samme verktøyet i ditt barnekvardags-liv!

Du får

Facebook-gruppe med livetreningar + fullt nettkurs med videoar, quiz og ressursar + e-bok!

Nettkurs

Tilgang til nettkurset Bæreseleguiden så lenge kurset finst.

Ferdiginnspelte videoar med svar på ofte stilte spørsmål, klassiske feil og korleis du rettar det opp, tips og triks, kva du gjer viss baby gråter, litt om ulike bæretøy og alder og bruksområder, amming i bæretøy, kjøpetips m.m.

Fellesskap i Facebook-gruppe

Du får også tilgang til ei eiga Facebook-gruppe for gjengen, der du kan stille spørsmål. Her ligg det også opptak frå livesendingar.

Innhald

Kva kan du om bæresele?

Velkommen til Bæreselekamp

Velkommen!
Bli med i Facebook-grupa for livesendingar og fellesskap

Anatomi av bæresele

Kva er bæresele og kva er alle delane?
Kva er meh dai?
Klassiske feil og korleis fikse dei
Justere panelbredde fra knehase til knehase

Bruke bæreselen

H-form på rygg (steg for steg)
H-form: selane på sidene (rask)
Kryssa selar rask
Kryssa selar bak Kahubaby (steg for steg)
Bære i meh dai (steg for steg)
Bære på magen i LennyLamb Upgrade
Pysj med fot i bæresele

Amme i bæresele

Amming i bæresele .mp4

Ulike bærestillingar

Ryggbæring i Kahubaby (steg for steg)
Ryggbæring (rask)
Ryggbæring ned hoftedytt (rask)
Ryggbæring hoftedytt .mp4
Ryggbæring i meh dai
Tandembæring
Forovervendt bæring

Tips til digge bæreselar

Bæreseleguiden - kva sele skal du kjøpe? (enkel)

Ekstra ressursar og e-boka

Bæretøyguiden - Bæring på 1-2-3 (1).pdf