Digitale produkt

Nettbutikk og freebies

Gjer kvardagen med baby og som nybakt forelder enklare

  • kr349

E-bok: Frå positiv test til fødsel

  • Download
  • 2 files

Du fortener alle ressursar, så her er bokpakken der du får e-boka "Frå positiv test til fødsel". Her får du også ei rekke sjekklister, arbeidshefter og informasjon så du skal forberede dei rette tinga og få ein bedre start på foreldrelivet. Har har du alt du treng gjennom svangerskapet og for barseltida, både som gravid og partnar, for å sørge for ein best mogleg start på det nye livet.

  • kr249

Bæreselecamp

  • Course
  • 24 Lessons

Alle nybakte foreldre må kunne bæresele, er min påstand. I alle fall for å gjere livet enklare, både fysisk og psykisk. Men korleis gjer ein det eigentleg?  Bli med på Bæreselecamp der du lærer å bli god på bæresele på fem dagar. Perfekt for deg som er gravid, partnar, besteforelder, venn eller barnehagetilsett. Babyar vil bli holdt! Gjer det enklare for deg sjølv med bæresele.

Includes 1 Additional Product

  • kr179

SOMMARBABY! Den store sommarboka for deg med baby 0-1 år

  • Download
  • 1 file

Gå sommaren i møte med avslappa skuldre! Her finn du alt du må vite om det å ha baby på sommaren. Korleis verne best mot sola, kva du må tenke på i varmen, med bading, i vogn, på biltur, med bæretøy, soveplassen, klede, solkrem og kva du må tenke på om du ammar eller gir mme. Blant anna. 80 sider stappa med oversikteleg, praktisk og kjeldesjekka informasjon! Tips og triks og pakkelister!

  • kr79

Alfabet med illustrasjonar (digital fil)

  • Download
  • 2 files

Plakat med norsk alfabet og illustrasjonar. Perfekt for å lære bokstavane og lydane som høyrer til. Fargerik og sprek plakat til barnerommet. Last ned, print ut og heng opp!

  • Free email delivery

Gratis sjekkliste for sikring i bilstol

  • Download
  • 1 file

Å kjøre bil er noko av det mest risikofylte me gjer med barna våre. Då gjeld det å vite at du har sikra dei rett og sørga for at konsekvensane blir minst mogleg fatale dersom ulukka skulle skje. Her kjem ein enkel og oversikteleg guide over kva du må tenke på når du skal montere babystol og sikre baby i stolen.

  • Free email delivery

Pakkeliste til fødebagen

  • Download
  • 1 file

Eg har lese godt over 200 fødebag-pakkelister, så du skal sleppe! Berre last ned denne pakkelista i staden. Her får du: - Ei konkret sjekkliste for den fødande, baby og partner med det du faktisk treng - Ei eiga liste med ting som kan vere kjekt å ha med seg I tillegg får du: - litt kort info om kvifor det er desse tinga som står på lista - korleis du kan pakke endå mindre - korleis de bør pakke

  • Free email delivery

Utstyrsliste til baby

  • Download
  • 2 files

Gratulera med positiv test! Det kan vere både stas og stress å byrje å tenke på alt som skal skaffast til babyen, men kva treng du eigentleg? Kva er lurt å tenke på? Kva er kjekt å ha, men ikkje nødvendig? Kva kan du kjøpe brukt? Kva kan du vente litt med? Få gratis sjekkliste kva og kor mykje du bør handle inn til babyen.