Barnekvardag/E-bok: Frå positiv test til fødsel

  • kr349

E-bok: Frå positiv test til fødsel

  • Download
  • 2 files

Du fortener alle ressursar når du no skal gå inn i dette livsomveltande kapittelet av livet. Her får du samlepakka der du både får e-boka "Frå positiv test til fødsel", i tillegg til arbeidsboka Foreldreprepp.

Denne pakka er perfekt for deg som skal få barn, og vil gå det nye livet i møte med stålkontroll og legge til rette for ei best mogleg svangerskapstid, barseltid, best mogleg psyke og forhold. I tillegg får du praktiske guidar og sjekklister. Verkeleg ei gullgruve for nye og fleirgongsforeldre! Laga for både dedn gravide og partnar/støttespelar.

Frå Positiv test til fødsel er ein praktisk guide til alt du bør gjennom i dei tre trimestra, kva du burde gjere når, planlegge, vite og førebu deg på.

Foreldreprepp er ei arbeidsbok med konkrete verktøy for å gjere deg klar. 169 sider og 12 små og store hefter! Planlegging av barsel, permisjon, arbeidsfordeling, økonomi, deg sjølv og forhaldet + utstyrsliste, sjekkliste for bilstolsikring, trygg soveplass, mal til fødebrev, pakkeliste til fødebagen og ein stor Bæretøyguide som gjer deg klar til å lære å bære trygt, behageleg og med tips til konkrete bæreselar.

Tanken er at du skal sleppe å måtte sjekke ørten-og-førti ulike kjelder for å få oversikt, og bli totalt overvelda av informasjonsflyten og ikkje ane kva som eigentleg er viktig å vite og ikkje. Her får du det du treng, samla på ein plass.

Sjå utdrag nedanfor.

Frå positiv test til fødsel

Oversikt over dei første sidene i kapittel 1, første trimester:

Foreldreprepp - arbeidsboka

Sjå utdrag frå boka:

Vil du berre kjøpe Frå positiv test til fødsel?

Kva er Barnekvardag?

I Barnekvardag-universet finn du informasjon frå gode kjelder, presentert på ein enkel og lettfatteleg måte. Og her er lista superlåg: ingen spørsmål er for dumme!

Her finn du svar på praktiske tips og triks som ein kanskje elles berre får svar på i lukka grupper og forum, eller frå vener og kjende som har barn.

Dette skal vere ein slags one-stop-shop, bruksanvising til deg som skal bli forelder for første gong.